Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 16:25-33 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

25. Om mannen meiner ¬at vegen er rett,kan han likevel enda i døden.

26. Svolten får mannen ¬til å arbeida,mathugen driv han fram.

27. Nidingen grev ei ulukkegrav,det brenn som eld ¬på hans lipper.

28. Ein renkesmed skaper strid,den som baktalar andre, ¬skil ven frå ven.

29. Valdsmannen lokkar sin nesteog fører han inn ¬på ein farleg veg.

30. Når ein mann knip augo i hop,tenkjer han på ¬svikefull gjerning;og når han ¬pressar lippene saman,set han ulukka i verk.

31. Grått hår er ein fager krans,på rettferds veg ¬vert han vunnen.

32. Ein visleg mann ¬er betre enn ei kjempe;den som styrer sin hug,er betre enn den ¬som tek ein by.

33. Dei rister terningen i fanget,men avgjersla ¬kjem alltid frå Herren.

Les hele kapitlet Ordtaka 16