Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ordtaka 16:20-29 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

20. Den som aktar på ordet, ¬finn lukke,sæl er den som lit på Herren.

21. Klok kallar dei den ¬som har visdom i hjarta,veltalande ord ¬aukar eins lærdom.

22. Den som har skjøn, ¬har ei kjelde til liv,dårskap er den lærdom ¬dårar får.

23. Visdom i hjarta ¬gjev klokskap i tale,ein får meir og meir kunnskap ¬å bera fram.

24. Milde ord ¬er som drypande honning,søte for sjela ¬og sunne for kroppen.

25. Om mannen meiner ¬at vegen er rett,kan han likevel enda i døden.

26. Svolten får mannen ¬til å arbeida,mathugen driv han fram.

27. Nidingen grev ei ulukkegrav,det brenn som eld ¬på hans lipper.

28. Ein renkesmed skaper strid,den som baktalar andre, ¬skil ven frå ven.

29. Valdsmannen lokkar sin nesteog fører han inn ¬på ein farleg veg.

Les hele kapitlet Ordtaka 16