Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Obadja 1:1-5 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Dette er synene åt Obadja. Så seier Herren Gud om Edom:Ei tidend har vi høyrt ¬frå Herren,eit bod er sendt ut ¬mellom folka:«Stå opp, lat oss reisa oss ¬til strid mot Edom!»

2. Sjå, liten gjer eg deg ¬mellom folka,djupt vanvørd skal du vera.

3. Ditt hjartans hovmod ¬har narra deg,du som bur i bergrivnerog har ditt tilhald i høgdene,du som tenkjer med deg sjølv:Kven kan støyta meg til jorda?

4. Om du byggjer høgt som ørna,ja, legg ditt reir ¬mellom stjernene,så vil eg støyta deg ned derifrå,lyder ordet frå Herren.

5. Om det kom tjuvar til degeller røvarar om natta– å, kor du vert herja –ville dei då stela meir ¬enn dei trong?Om du hadde folk ¬til å hausta din vingard,så leivde dei vel ¬til ei ettersanking.

Les hele kapitlet Obadja 1