Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Nehemja 9:29-36 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

29. Du åtvara folket;for du ville føra deiattende til di lov.Men dei var hovmodigeog lydde ikkje dine bod.Dei synda mot dine lover,som gjev mennesket livnår det held dei.Dei vende ryggen til i trass;stridlyndte var dei ¬og ville ikkje høyra.

30. I mange år bar du over med dei;du åtvara dei ved din Andegjennom profetane dine.Men då dei ikkje ville høyra,gav du dei over ¬til framande folk.

31. Men i di store miskunngjorde du ikkje ende på dei,og du sleppte dei ikkje.For du er ein mild ¬og nådig Gud.

32. Og no, vår Gud,du store, ¬mektige og agelege Gud,du som held di paktog lèt di miskunn vara ved,rekna det ikkje for smått,alt det vonde som har råka ossfrå den tid ¬assyrarkongane rådde,og til denne dag,råka våre kongar og hovdingar,våre prestar og profetar,våre fedrar og heile folket.

33. Du var rettferdigi alt det som hende oss.For du var trufastom vi fór gudlaust fram.

34. Våre kongar og hovdingar,våre prestar og våre fedrarheldt seg ikkje etter di lov;dei akta ikkje på dine bodog dei åtvaringar du gav dei.

35. Endå dei fekk bu i sitt eige rike,og du hadde unnt dei ¬så mykje godti det vide og grøderike landetsom du hadde gjeve dei,så tente dei deg ikkjeog vende ikkje om ¬frå si vonde åtferd.

36. Difor er vi trælar i dag;vi er trælar i det landet ¬du gav våre fedrar,så dei skulle nyta ¬landsens frukterog alt det gode som finst der.

Les hele kapitlet Nehemja 9