Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Nehemja 9:12-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Du leidde dei ¬i ei skystøtte om dagen,om natta lét du ei eldstøtte lysapå vegen dei skulle gå.

13. Du steig ned på Sinai-fjelletog tala med dei frå himmelen.Du gav dei rette ordningarog pålitelege lover,gode føresegner og bod.

14. Du kunngjorde for dei ¬din heilage sabbat;og gjennom Moses, tenaren din,gav du dei bod ¬og føresegner og lover.

15. Du gav dei brød frå himmelennår dei var svoltne,og lét vatn strøyma fram ¬frå bergetnår dei var tyrste.Du baud dei dra inn og ta i eigedet landet ¬som du med opplyft handhadde lova at du ville gje dei.

16. Men fedrane våre ¬var eit stolt og stridlyndt folk,dei høyrde ikkje på dine bod.

17. Dei ville ikkje lyda ¬og kom ikkje i hugdei under du hadde gjort ¬for dei.Stridlyndte var dei ¬og sette seg føreå fara attende ¬til trældomen i Egypt.Men du er ein Gud som tilgjev,du er nådig og mild,langmodig og rik på miskunn,og du gjekk ikkje ifrå dei.

18. Dei støypte seg jamvel ein kalvog sa: «Dette er guden din,han som førte deg opp ¬frå Egypt.»Og dei spotta deg grovt.

19. Men du var like mildog gjekk ikkje frå dei ¬i øydemarka.Skystøtta veik ikkje frå dei ¬om dagen,men leidde dei på vegen;og eldstøtta veik ikkje frå dei ¬om natta,men lyste opp vegen ¬dei skulle gå.

Les hele kapitlet Nehemja 9