Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Nehemja 9:11-26 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. Du kløyvde sjøen framfor dei,dei gjekk igjennom ¬på turre botnen.Men dei som fylgde etter, ¬kasta du i djupet;dei sokk som stein ¬i det veldige vatnet.

12. Du leidde dei ¬i ei skystøtte om dagen,om natta lét du ei eldstøtte lysapå vegen dei skulle gå.

13. Du steig ned på Sinai-fjelletog tala med dei frå himmelen.Du gav dei rette ordningarog pålitelege lover,gode føresegner og bod.

14. Du kunngjorde for dei ¬din heilage sabbat;og gjennom Moses, tenaren din,gav du dei bod ¬og føresegner og lover.

15. Du gav dei brød frå himmelennår dei var svoltne,og lét vatn strøyma fram ¬frå bergetnår dei var tyrste.Du baud dei dra inn og ta i eigedet landet ¬som du med opplyft handhadde lova at du ville gje dei.

16. Men fedrane våre ¬var eit stolt og stridlyndt folk,dei høyrde ikkje på dine bod.

17. Dei ville ikkje lyda ¬og kom ikkje i hugdei under du hadde gjort ¬for dei.Stridlyndte var dei ¬og sette seg føreå fara attende ¬til trældomen i Egypt.Men du er ein Gud som tilgjev,du er nådig og mild,langmodig og rik på miskunn,og du gjekk ikkje ifrå dei.

18. Dei støypte seg jamvel ein kalvog sa: «Dette er guden din,han som førte deg opp ¬frå Egypt.»Og dei spotta deg grovt.

19. Men du var like mildog gjekk ikkje frå dei ¬i øydemarka.Skystøtta veik ikkje frå dei ¬om dagen,men leidde dei på vegen;og eldstøtta veik ikkje frå dei ¬om natta,men lyste opp vegen ¬dei skulle gå.

20. Du rettleidde dei ¬med din gode Ande,du gav dei manna til matog lét dei få vatn ¬når dei var tyrste.

21. Du sytte for dei i førti år,i øydemarka sakna dei ¬ingen ting.Kleda deira vart ikkje utslitne,og føtene deira hovna ikkje.

22. Du gav dei folk og kongerikesom du lét dei få til grenseland.Dei la under seg landet ¬åt Sihon,kongen i Hesjbon,og landet åt Og, kongen i Basan.

23. Du gjorde deira etterkomarartalrike som stjernene ¬på himmelen.Du førte dei inn i det landetsom du hadde lova deira fedrarat dei skulle koma og ta i eige.

24. Så kom då etterkomarane deiraog la under seg landet.Kanaanearane som budde der,tvinga du i kne for dei.Kongane og folka i landetgav du i deira vald,så dei kunne gjera med dei ¬som dei ville.

25. Dei tok festningsbyar ¬og grøderik jordog eigna til seg hussom var fulle av gode ting,uthogne brunnar og vingardar,oliventre og frukttre i mengd.Dei åt og vart gode og mette,og levde høgt på dine ¬rike gåver.

26. Men så vart dei trassigeog sette seg opp mot deg;dei vende ryggen til di lov.Dei drap profetane dine,som åtvara deiog ville føra dei attende til deg.Og dei spotta deg grovt.

Les hele kapitlet Nehemja 9