Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Nehemja 9:1-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Den tjuefjerde dagen i same månaden samla israelittane seg og heldt faste, i botsklede og med mold på hovudet.

2. Dei som var av Israels ætt, skilde seg frå alle framande. Dei steig fram og sanna syndene sine og misgjerningane åt fedrane sine.

3. Ein fjerdepart av dagen stod dei kvar på sin stad og høyrde på dei som las opp or lovboka åt Herren deira Gud. Og ein annan fjerdepart av dagen sanna dei syndene sine og tilbad Herren sin Gud.

4. Josva, Bani, Kadmiel, Sjebanja, Bunni, Sjerebja, Bani og Kenani steig opp på den tramen som var laga til levittane, og ropa med høg røyst til Herren sin Gud.

5. Då sa levittane Josva, Kadmiel, Bani, Hasjabneja, Sjerebja, Hodia, Sjebanja og Petakja:Reis dykk ¬og lova Herren dykkar Gud,han som er frå æve til æve.Ja, lova vere ditt herlege namn,som er opphøgt ¬over all lovprising.

6. Einast du er Herren.Du har skapt himmelen,den høge himmel ¬og heile hans hær,jorda og alt som er på den,havet og alt som er i det.Du held liv i alle ting,og himmelhæren tilbed deg.

7. Det var du, Herre Gud,som valde ut Abram,henta han frå Ur i Kaldeaog gav han namnet Abraham.

8. Du såg at han var trufast ¬mot deg.Difor gjorde du pakt med hanog lova at du ville gje hans ættlandet åt kanaanearane,hetittane, amorittane, ¬perisittane,jebusittane og girgasjittane.Og du heldt din lovnad,for du er rettferdig.

9. Du såg kor mykje vondtvåre fedrar leid i Egypt,du høyrde deira rop ¬ved Sevsjøen.

10. Du gjorde teikn og under ¬med farao,med mennene hans ¬og alt folket i landet.For du visste kor hardedei hadde vore med våre fedrar.Då vann du deg eit namn,som du har den dag i dag.

11. Du kløyvde sjøen framfor dei,dei gjekk igjennom ¬på turre botnen.Men dei som fylgde etter, ¬kasta du i djupet;dei sokk som stein ¬i det veldige vatnet.

Les hele kapitlet Nehemja 9