Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Nehemja 4:2-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

2. og sa til frendane sine og til stridsmennene i Samaria: «Kva er det desse usle jødane driv på med? Skal dei få byggja opp att muren? Skal dei få ofra og fullføra verket i dag? Tru dei vil blåsa liv i steinane frå grushaugane på branntufta?»

3. Ammonitten Tobia, som stod attmed han, sa: «Lat dei byggja så mykje dei vil! Berre ein rev hoppar oppå, riv han ned steinmuren deira!»

4. «Høyr, vår Gud, korleis vi vert spotta! Lat spotten koma attende på dei sjølve! Lag det så at dei vert røva og førte fanga til framandt land!

5. Løyn ikkje skulda deira, og lat ikkje synda deira verta utstroken for ditt åsyn! For dei har krenkt deg med si framferd mot bygningsmennene.»

6. Så bygde vi på muren og skøytte han i hop i halv høgd heilt rundt. Folket gjekk med godt mot til arbeidet.

7. Men då Sanballat, Tobia, arabarane, ammonittane og mennene frå Asjdod fekk høyra at arbeidet på murane kring Jerusalem skreid fram, og at rivnene tok til å fyllast, vart dei brennande harme.

8. Dei slo seg i hop alle som ein og svor på at dei ville fara opp og strida mot Jerusalem og skapa uro der.

9. Men vi bad til vår Gud og sette ut vaktpostar både dag og natt, så vi kunne halda dei borte.

10. Då sa folket i Judea: «Krafta sviktar hjå berarane; her er for mykje som ligg i røys. Vi orkar ikkje byggja på muren lenger.»

Les hele kapitlet Nehemja 4