Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Nehemja 4:12-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Då kom dei jødane som budde tett attmed dei, gong på gong og sa: «Dei kjem imot oss frå alle stadene der dei bur.»

13. Då lét eg folket stella seg opp på dei lågaste stadene bak muren, på dei opne plassane. Eg lét dei fylka seg ætt for ætt med sverd og spyd og bogar.

14. Då eg såg dei stå der, steig eg fram og sa til stormennene, forstandarane og resten av folket: «Ver ikkje redde dei! Tenk på Herren, den store og agelege, og strid for brør, søner og døtrer, koner og heimar!»

15. Då fiendane våre fekk høyra at vi visste kva dei emna på, og Gud såleis hadde hindra dei i å setja planane i verk, vende vi alle attende til muren, kvar til sitt arbeid.

16. Frå den dagen arbeidde berre halvparten av dei unge mennene mine på muren, medan den andre halvparten stod der med spyd og skjold og bogar og med brynjer. Hovdingane stod bak heile Juda-folket,

17. som bygde på muren. Og berarane arbeidde med den eine handa, og med den andre heldt dei våpenet.

18. Kvar murar arbeidde med sverd ved lend. Og hornblåsaren stod attmed meg.

19. Då sa eg til stormennene, forstandarane og resten av folket: «Arbeidet er stort og vidfemnande, og vi står spreidde på muren, langt frå kvarandre.

20. Når de høyrer hornet ljomar, kvar de så er, skal de samla dykk kring oss, og vår Gud vil strida for oss.»

21. Så dreiv vi då på med arbeidet medan halvparten av folket stod der med spyda sine, frå morgonroden synte seg til stjernene kom fram.

22. Samstundes sa eg til folket: «De lyt vera i Jerusalem om natta, både de og tenarane dykkar, så de kan halda vakt om natta og arbeida om dagen.»

23. Sjølve kom vi aldri ut or kleda, korkje eg eller frendane og tenarane mine eller vaktmennene som fylgde meg. Kvar mann hadde våpen i hand.

Les hele kapitlet Nehemja 4