Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Nehemja 10:34-39 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

34. Vi, prestane, levittane og folket skal kasta lodd om ved-haldet til vår Guds hus. Huslyd for huslyd skal år etter år, til fastsette tider, koma med veden og såleis syta for brensel på altaret åt Herren vår Gud, som føreskrive er i lova.

35. Kvart år skal vi koma til Herrens hus med den fyrste grøda av jorda vår og dei fyrste mogne fruktene av alle slag tre.

36. Like eins skal vi, som føreskrive er i lova, føra opp til vår Guds hus dei fyrstefødde av sønene våre og av husdyra våre, anten det er storfe eller småfe, og gje dei til prestane som gjer teneste der.

37. Og det fyrste av brøddeigen, av alle slag frukt og av druesaft og olje skal vi koma til prestane med, til lagerroma i vår Guds hus.Tiend av det som veks på jorda vår, skal vi gje til levittane, og sjølve skal dei krevja henne inn i alle jordbruksbyane våre.

38. Ein prest, ein etterkomar etter Aron, skal vera med levittane når dei krev inn tienda, og sjølve skal levittane bera ein tiandepart av det dei får, opp til lagerroma i vår Guds hus.

39. For både israelittane og levittane skal koma til desse roma med dei heilage gåvene av korn, druesaft og olje. Der står kara som vert nytta i heilagdomen, og der held dei til, dei prestane som gjer teneste, og portvaktarane og songarane. Vi skal ikkje vanskøyta vår Guds hus.

Les hele kapitlet Nehemja 10