Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Nehemja 10:26-36 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

26. Akia, Hanan, Anan,

27. Malluk, Harim og Ba’ana.

28. Resten av folket – prestane, levittane, portvaktarane, songarane, tempeltenarane og alle dei som hadde skilt seg frå dei framande folka og ville leva etter Guds lov, og like eins konene og sønene og døtrene deira, alle som hadde godt nok vit –

29. dei slutta seg til dei fremste mennene i landet og svor dyrt og heilagt at dei ville fylgja Guds lov, som var gjeven ved Moses, Guds tenar. Dei ville halda alle boda frå Herren vår Gud, alle lovene og føresegnene hans, og leva etter dei:

30. Vi skal ikkje gje døtrene våre til menn av framande folkeslag og ikkje ta døtrene deira til koner åt sønene våre.

31. Når framande folk kjem med allslags korn og andre varer og vil selja det på sabbaten, skal vi ikkje kjøpa av dei, korkje på sabbaten eller på andre helgedagar. Kvart sjuande år skal vi la jorda kvila og ettergje all gjeld.

32. Like eins tek vi på oss den plikta at vi kvart år skal betala ein tredjedels sekel til tenesta i vår Guds hus,

33. til skodebrøda, det daglege grødeofferet og brennofferet, til offera på sabbatane, nymånedagane og høgtidene, til dei heilage gåvene og til syndoffera som vert framborne til soning for Israel, og til alt arbeidet i vår Guds hus.

34. Vi, prestane, levittane og folket skal kasta lodd om ved-haldet til vår Guds hus. Huslyd for huslyd skal år etter år, til fastsette tider, koma med veden og såleis syta for brensel på altaret åt Herren vår Gud, som føreskrive er i lova.

35. Kvart år skal vi koma til Herrens hus med den fyrste grøda av jorda vår og dei fyrste mogne fruktene av alle slag tre.

36. Like eins skal vi, som føreskrive er i lova, føra opp til vår Guds hus dei fyrstefødde av sønene våre og av husdyra våre, anten det er storfe eller småfe, og gje dei til prestane som gjer teneste der.

Les hele kapitlet Nehemja 10