Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Nahum 3:8-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Er du betre enn No-Amon,som låg ved Nilen, ¬med vatn ikring,som hadde hav ¬til festningsvollog vatn til mur?

9. Byen fekk sin store styrkefrå Nubia og Egypt.Put og Libya kom han ¬til hjelp.

10. Folket der ¬vart likevel bortført,det laut fara i fangenskap.Jamvel småborna deira ¬vart knustepå alle gatehjørne.Om adelsmenn ¬vart det kasta lodd,og alle stormenn ¬vart lagde i lekkjer.

11. Du òg skal verta drukkenog gå frå sans og samling.Du òg må søkja vern ¬mot fienden.

12. Alle dine festningarer som fikentre ¬med tidlegfrukt.Ved minste risting ¬dett dei nedi munnen på den som vil eta.

13. Sjå, ditt krigsfolk ¬er som kvinner.Portane i landet dittstår vidopne for fienden.Eld har øydt ¬dine portbommar.

14. Aus opp vatn ¬før du vert kringsett,set borgene i stand!Trakka gjørme, stampa leire,ta mursteinsforma fram!

15. Du skal øydast av eld,sverdet skal rydja deg ut,liksom grashoppelarva ¬eta deg opp.Vert mange ¬som grashoppelarver,tallause ¬som ein grashoppesverm!

16. Dine kjøpmenn er fleire ¬enn stjernene på himmelen.Larvene kastar hamen og flyg.

17. Dine oppsynsmenn ¬er tallause som grashopper,du har ein sverm av skrivarar.Dei slår seg ned på murennår dagen har svalna;når sola renn, flyg dei bort,og ingen veit kvar dei er.

18. Dine hovdingar blundar, ¬du Assur-konge,dine stormenn søv.Ditt folk er spreitt på fjella,og ingen samlar det inn.

19. Det finst ikkje lindring ¬for din skade,ulækjande er ditt sår.Alle som får høyra om deg,skal klappa i hendene.For kven har ikkje ¬gong på gongfått smaka din vondskap?

Les hele kapitlet Nahum 3