Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Mika 7:2-8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

2. Det finst ingen from meir ¬i landet,ingen rettvis mellom folk.Alle ligg dei på lur etter blod,kvar ein vil fanga sin neste ¬i garnet.

3. Dei er glupe til å gjera vondt.Hovdingane kjem med krav,og domarane vil ha betaling.Stormannen set fram ¬sine ynske,og så snur dei saka som dei vil.

4. Den beste av dei ¬er som ein klunger,den ærlegaste ¬verre enn ein klungerhekk.Det kjem ein dag ¬for dine vektararnår du skal krevjast ¬til rekneskap.Då vert dei redde og rådlause.

5. Tru ikkje på frenden din,set ikkje lit til venen din!Vakta munnen ¬for henne du tek i famn!

6. For ein son vanvørder far sin,ei dotter set seg opp ¬mot mor si,ei sonekone mot vermor si.Og ein manns husfolk ¬er hans fiendar.

7. Men eg vil speida etter Herren,venta på Gud som frelser meg.Min Gud vil høyra meg!

8. Gled deg ikkje over meg, ¬min fiende,for om eg fell, reiser eg meg att.Og sit eg i mørker, ¬er Herren mitt ljos.

Les hele kapitlet Mika 7