Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Mika 4:10-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Skrik og vrid deg, Sions dotter,som ei fødande kvinne,for no lyt du bort frå byenog bu i villmarka.Du skal koma til Babel,men der vert du berga.Der vil Herren løysa deg utor handa på fiendane dine.

11. No har mange folkeslag ¬samla seg mot deg.Dei seier: «Sion er vanæra,vi ser på henne med lyst.»

12. Men dei kjenner ikkje ¬Herrens tankarog skjønar ikkje hans plan:å samla dei ¬som korn på treskjevollen.

13. Stå opp og tresk, ¬du Sions dotter,for eg vil gje deg horn ¬av jernog klauver av kopar.Du skal knusa mange folkog vigsla deira hærfang ¬til Herren,deira gods til hansom er herre over all jorda.

14. No risp deg opp, ¬du kringsette dotter!Dei har kasta opp ein voll ¬imot oss.Med stav slår dei ¬Israels herre på kinnet.

Les hele kapitlet Mika 4