Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Mika 4:1-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. I dei siste dagar ¬skal det hendaat Herrens tempelberg skal stågrunnfest høgt over alle fjellog lyfta seg opp ¬over alle haugar.Dit skal folkeslag strøyma.

2. Mange folk skal gå av stad ¬og seia:«Kom, lat oss fara opp ¬til Herrens fjell,til huset åt Jakobs Gud,så han kan læra oss sine vegar,og vi kan ferdast ¬på hans stigar!For frå Sion skal lovlære gå ut,og Herrens ord frå Jerusalem.»

3. Han skal døma ¬mellom mange folk,skifta rett for mektige folkeslag ¬langt borte.Då skal dei smida sverda sine om til plogjernog spyda sine ¬til vingardsknivar.Folk skal ikkje meir lyfta sverd ¬mot folkog ikkje lenger læra å føra krig.

4. Men alle skal sitja trygt,kvar under sitt vintre ¬og sitt fikentre,og ingen skal skræma dei.For Herren, Allhærs Gud, ¬har tala.

5. Alle folka ferdast,kvart i sin guds namn;men vi skal evig og alltidferdast i Herren ¬vår Guds namn.

6. Den dagen, ¬lyder ordet frå Herren,vil eg samla inn dei haltande,kalla saman dei bortdrivneog dei eg har fare ille med.

7. Dei haltande gjer eg ¬til ein rest,dei bortdrivne ¬til eit mektig folk,og Herren skal vera konge ¬over dei på Sionfrå no og til evig tid.

8. Du Sions gjætartårn ¬og vakthaug,til deg skal det ein gong koma,det herrevelde du hadde før,kongemakta i Jerusalem.

9. Men no, kvifor skrik du så sårt?Er det ingen konge hjå deg?Er han som rår over deg, ¬komen bortsidan du vrid deg ¬som i fødselsrier?

10. Skrik og vrid deg, Sions dotter,som ei fødande kvinne,for no lyt du bort frå byenog bu i villmarka.Du skal koma til Babel,men der vert du berga.Der vil Herren løysa deg utor handa på fiendane dine.

Les hele kapitlet Mika 4