Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Mika 3 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Mot dei griske hovdingane

1. Eg sa: Høyr,de Jakobs hovdingar,de styresmenn i Israel!Skulle ikkje de vitakva som er lov og rett?

2. Men de hatar det godeog elskar det vonde.De flår skinnet av folkog riv kjøtet av knokane.

3. Dei et kjøtet av folket mitt,flår skinnet av ¬og knuser beina deira.Dei breier det ut som i ei gryte,som kjøtet i ein kjel.

4. Når dei så ropar til Herren,svarar han ikkje.Han løyner sitt åsyn for deifor deira vonde åtferd skuld.

Mot dei falske profetane

5. Så seier Herren ¬om dei profetanesom fører folket mitt vilt,som forkynner fred og lukkeberre dei får noko å tyggja på,men lyser heilag krig mot deisom ikkje gjev dei ¬munnen full:

6. Difor skal det koma over dykkei natt utan synerog mørker utan spådom.Sola skal gå ned for profetaneog dagen svartna ikring dei.

7. Då skal sjåarane ¬verta til skammar,spåmennene stå der ¬med vanære.Dei skal løyna skjegget, ¬alle saman,for det kjem ikkje svar ¬ifrå Gud.

8. Men eg, eg er full av styrke,av Herrens Ande, ¬av rett og kraft,så eg kan tala til Jakob ¬om hans brot,til Israel om hans synd.

Jerusalem og templet skal falla

9. Høyr dette, ¬de hovdingar i Jakobs ætt,de styresmenn i Israel,de som styggjest ved rettferdog krøkjer det som er rett,

10. som byggjer Sion ¬med bloddådog Jerusalem med urett!

11. Der dømer hovdingen ¬for betaling,presten tek løn for å læra,og profeten spår for pengar.Likevel stør dei seg til Herren ¬og seier:«Er ikkje Herren ¬midt imellom oss?Det hender ikkje oss ¬noko vondt.»

12. Difor skal Sion ¬– for dykkar skuld –pløyast som ein åker.Jerusalem skal verta ¬ei steinrøysog tempelberget ¬ein skogkledd ås.