Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Mika 2:6-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. «Hald opp med å preika!» ¬seier dei.«Ingen må preika så.Tek skjellsorda aldri slutt?»

7. Korleis er det du talar, ¬Jakobs hus?Har Herren mist tolmodet?Er det så han fer fram?Har eg ikkje venlege ordtil dei som ferdast rett?

8. Lenge har folket mitt ¬bore seg fiendsleg åt.De dreg kappa ¬av fredelege folk;dei som ferdast trygt, ¬vert krigsfangar.

9. De driv kvinnene ¬i folket mitt bortfrå heimane dei var glade i.De har for alle tiderteke mi ære frå borna deira.

10. Stå opp og far bort herifrå!Dette er ingen kvilestad,for her er ureinskapsom valdar skade og tyning.

11. Kom det ein mann ¬som fór med laust snakkog tala lygn og svik:«Eg spår for deg om vin ¬og drikk»,sjå, det var ein profet ¬for dette folket!

12. Eg vil samla dykk alle, Jakob.Eg vil samla Israels rest,føra dei saman ¬som sauer i ei kve,som ein bøling på beite,– ein ståkande flokk ¬av menneske.

13. Han som brøyter veg, ¬går føre dei;dei bryt seg gjennom porten ¬og fer ut.Kongen deira går føre dei,Herren sjølv ¬går i brodden for dei.

Les hele kapitlet Mika 2