Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Mika 2:3-6 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. Difor seier Herren:Eg tenkjer ut ei ulukke ¬mot denne ætta,den kan de aldri fria dykk frå.De skal ikkje lenger ¬gå stolte ikring,for det vert ei vond tid.

4. Den dagen skal dei syngja ¬ei nidviseog setja i med ein klagesong ¬over dykk.«Det er ute med oss,» ¬skal dei seia,«vi er herja og øydelagde!Jorda åt folket mitt ¬skifter eigar.Å, han har teke markene frå ossog delt dei ut til fråfalne!»

5. Då skal det ikkje finnast nokon ¬i Herrens lydsom kastar loddog deler ut jord til andre.

6. «Hald opp med å preika!» ¬seier dei.«Ingen må preika så.Tek skjellsorda aldri slutt?»

Les hele kapitlet Mika 2