Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Mika 2:1-7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Ve dei som tenkjer ut urettog emnar på vondtmedan dei ligg på si lege!Dei set det i verk ¬når det ljosnar av dag,fordi det står i deira makt.

2. Dei trår etter marker ¬og røvar dei,etter hus og tek dei.Dei slår under seg mann ¬og hus,bonden og hans eigedom.

3. Difor seier Herren:Eg tenkjer ut ei ulukke ¬mot denne ætta,den kan de aldri fria dykk frå.De skal ikkje lenger ¬gå stolte ikring,for det vert ei vond tid.

4. Den dagen skal dei syngja ¬ei nidviseog setja i med ein klagesong ¬over dykk.«Det er ute med oss,» ¬skal dei seia,«vi er herja og øydelagde!Jorda åt folket mitt ¬skifter eigar.Å, han har teke markene frå ossog delt dei ut til fråfalne!»

5. Då skal det ikkje finnast nokon ¬i Herrens lydsom kastar loddog deler ut jord til andre.

6. «Hald opp med å preika!» ¬seier dei.«Ingen må preika så.Tek skjellsorda aldri slutt?»

7. Korleis er det du talar, ¬Jakobs hus?Har Herren mist tolmodet?Er det så han fer fram?Har eg ikkje venlege ordtil dei som ferdast rett?

Les hele kapitlet Mika 2