Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Mika 1:11-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. Far nakne og vanæra bort,de som bur i Sjafir!Folket i Sa’ananvågar seg ikkje ut.Klageropa i Bet-Haeselriv grunnen bort under dykk.

12. Korleis kan folket i Marotventa seg noko godt,når ulukke frå Herrenslår ned ved Jerusalems port?

13. Spenn hestane for vogna,de Lakisj-buar!De vart opphav til Sions synd.Hjå dykk er Israels fråfall ¬å finna.

14. Lat Moresjet-Gat få ¬avskilsgåve!Som ein sviktande bekker husa i Aksib ¬for Israels kongar.

15. Endå ein gong ¬sender eg mot dykk,de Maresja-buar,ein som skal leggja dykk ¬under seg.Han kjem til Adullam, ¬Israels prydnad.

16. Klypp deg snau, rak håret avi sorg over borna dine!Gjer hovudet snautt ¬som eit gribbehovud,for dei er førte bort ifrå deg!

Les hele kapitlet Mika 1