Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Mika 1:1-9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Dette er Herrens ord som kom til Mika frå Moresjet på den tid då Jotam, Akas og Hiskia var kongar i Juda, dei syner han fekk om Samaria og Jerusalem.

2. Høyr, alle de folkeslag!Lyd etter, du jord ¬og alt som på deg er!Herren Gud skal vitna ¬mot dykk,vitna frå sitt heilage tempel.

3. Sjå, Herren går ut ¬frå sin bustad,stig ned og skrid fram ¬over høgdene på jorda.

4. Fjella brånar under han,og dalane rivnar,som voks når det brånar i eld,som vatn når det renn ¬utfor stup.

5. Alt dette henderfordi Jakob har falle frå,fordi Israel har synda.Kva er så Jakobs fråfall?Er det ikkje Samaria?Og kva er Judas synd?Er det ikkje Jerusalem?

6. Men eg skal gjera Samaria ¬til ei steinrøysog marka i byen ¬til vingardsjord.Eg velter steinane ned i dalenog legg ¬byens grunnvollar berre.

7. Alle gudebileta der ¬skal knusastog horegåvene brennast i eld,avgudsbileta gjer eg til inkjes.Med horeløn er dei samla,og til horeløn skal dei verta.

8. Difor må eg klaga og jamra,gå berrføtt og naken ikring,klaga som sjakalenog jamra som strutsen.

9. For Juda har fått eit slag,og såret er ulækjande.Det har nått til porten ¬åt mitt folk,heilt til Jerusalem.

Les hele kapitlet Mika 1