Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Malaki 2:7-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. For ein prests lipper ¬tek vare på kunnskap,frå hans munn ¬skal folk be om rettleiing,for han er sendebod ¬frå Herren, Allhærs Gud.

8. Men de har vike av frå vegenog fått mange til å fallamed den rettleiing ¬de har gjeve.Levi-pakta har de brote,seier Herren, Allhærs Gud.

9. Difor har eg gjort dykk ¬vanvørdeog små for heile folket,for de aktar ikkje ¬på mine vegar,men gjer skil på folknår de gjev rettleiing ¬om min vilje.

10. Har vi ikkje alle same far,den eine Gud ¬som har skapt oss?Kvifor er vi då trulause ¬mot kvarandreog vanhelgar våre fedrars pakt?

11. Juda har bore seg trulaust åt,stygge ting har dei gjorti Israel og Jerusalem.Ja, Juda har vanhelgaden heilagdomen ¬Herren elskar,og gift seg med ei kvinnesom dyrkar framande gudar.

12. Gjev Herren må rydja ut ¬or Jakobs teltkvar ætling av den ¬som gjer slikt,jamvel om han ber fram ¬offergåvertil Herren, Allhærs Gud.

Les hele kapitlet Malaki 2