Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Malaki 2:1-8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Og no, prestar, kjem dette bodet til dykk:

2. Vil de ikkje høyraog ikkje leggja dykk dette ¬på hjarta,så de ærar mitt namn,seier Herren, Allhærs Gud,så sender eg forbanning ¬mot dykk.Eg gjer di velsigning om ¬til forbanning,ja, eg gjer henne til forbanningfordi de ikkje tek dette ¬til hjarta.

3. Sjå, eg vil truga ætta dykkar.Avfall av offerdyr ¬etter høgtidene dykkarkastar eg i andletet på dykk,og med det skal de berast bort.

4. Då skal de skjøna at det er egsom har sendt dykk dette bodet,så mi pakt med Levi ¬kan stå ved lag,seier Herren, Allhærs Gud.

5. Mi pakt med han ¬gav liv og fred,og det gav eg han ¬så han skulle ottast.Han ottast meg ¬og hadde age for mitt namn.

6. Påliteleg rettleiing ¬var i hans munn,og det fanst ikkje svik ¬på hans lipper.Han ferdast med meg ¬i fred og rettferdog berga mange ¬frå syndeskuld.

7. For ein prests lipper ¬tek vare på kunnskap,frå hans munn ¬skal folk be om rettleiing,for han er sendebod ¬frå Herren, Allhærs Gud.

8. Men de har vike av frå vegenog fått mange til å fallamed den rettleiing ¬de har gjeve.Levi-pakta har de brote,seier Herren, Allhærs Gud.

Les hele kapitlet Malaki 2