Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Malaki 1:9-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Men no, ¬prøv å vinna Guds velvilje,så han kan vera nådig mot oss.Når de har gjort slikt,kan han då syna godhug ¬for dykk?seier Herren, Allhærs Gud.

10. Om det berre fanst nokon ¬mellom dykksom ville stengja ¬tempeldørene,så de ikkje til fåfengs ¬kveikjer eld på mitt altar.Eg har ingen hugnad i dykk,seier Herren, Allhærs Gud,og vil ikkje ha dei offergåvenesom de ber fram.

11. Frå lengst i aust til lengst i vester mitt namn stort ¬mellom folkeslaga.Alle stader ¬brenner dei reine offersom dei ber fram for meg;for mitt namn er stort ¬mellom folkeslaga,seier Herren, Allhærs Gud.

12. Men de vanhelgar mitt namnnår de seier ¬at Herrens bord er ureint,og at maten på det ¬er ring frukt.

13. De tenkjer: «Å, for eit strev!»og blæs åt det, seier Herren, ¬Allhærs Gud.De kjem med dyr som er røva,og med dyr som er halte ¬eller sjuke,når de ber fram offergåver.Skulle eg ha hugnadi slike gåver frå dykk? ¬seier Herren.

14. Forbanna vere den ¬som fer med svik,som har eit hanndyr ¬i buskapenog lovar å gje det til Herren,men i staden ofrar eit dyr ¬som er skadt.For eg er ein stor konge,seier Herren, Allhærs Gud,mellom folkeslaga ¬står det age av mitt namn.

Les hele kapitlet Malaki 1