Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Klagesongane 4:15-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. «Av vegen! Urein!» ¬ropa folket til dei.«Av vegen, av vegen! ¬Kom ikkje nær!»Når dei rømer ¬og vildrar ikring,vert det sagt ¬mellom folkeslaga:«Dei får ikkje vera her lenger.»

16. Herren sjølv har spreitt dei,han ansa dei ikkje lenger.Dei vørde ikkje prestaneog hadde ikkje medynk ¬med dei gamle.

17. Vi stirte framleis etter hjelptil augo vart såre, men fåfengt.Frå vårt vakttårn ¬speida vi etter eit folksom ikkje kunne hjelpa.

18. Dei lurte på våre steg,så vi ikkje kunne gå på gatene.Vår ende var nær, ¬vår tid var ute,ja, vår siste stund var komen.

19. Dei som forfylgde oss, ¬var snarareenn ørnar i flòg ¬under himmelen.Over fjella jaga dei oss,i øydemarka lurte dei på oss.

20. Vår livsande, ¬Herrens salvevigde,vart fanga i deira fallgraver.Det var om han vi tenkte:«I livd av han ¬skal vi leva mellom folka.»

21. Fagna og gled deg, ¬Edoms dotter,du som bur i Us-landet.Til deg òg ¬skal det rettast eit staup;du skal verta drukken ¬og kle deg naken.

22. Di skuld er kvitta, Sions dotter,aldri meir vil han føra deg bort.Men di misgjerning ¬straffar han, Edom,og dine synder legg han ¬i dagen.

Les hele kapitlet Klagesongane 4