Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Klagesongane 4:11-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. Herren rende ut sin harme,auste ut sin brennande vreide.På Sion kveikte han ein eldsom øydde alt til grunnen.

12. Ingen konge på jord,nei, ingen i heile verdakunne tru at ein motstandar ¬eller fiendeville koma inn ¬gjennom Jerusalems portar.

13. Men det hendefordi profetane syndaog prestane førte skuld ¬over seg.Midt i byen rende dei utblod av rettferdige menn.

14. Som blinde flakka dei ikringi gatene, sulka med blod,så ingen kunne rørakleda dei hadde på seg.

15. «Av vegen! Urein!» ¬ropa folket til dei.«Av vegen, av vegen! ¬Kom ikkje nær!»Når dei rømer ¬og vildrar ikring,vert det sagt ¬mellom folkeslaga:«Dei får ikkje vera her lenger.»

16. Herren sjølv har spreitt dei,han ansa dei ikkje lenger.Dei vørde ikkje prestaneog hadde ikkje medynk ¬med dei gamle.

17. Vi stirte framleis etter hjelptil augo vart såre, men fåfengt.Frå vårt vakttårn ¬speida vi etter eit folksom ikkje kunne hjelpa.

18. Dei lurte på våre steg,så vi ikkje kunne gå på gatene.Vår ende var nær, ¬vår tid var ute,ja, vår siste stund var komen.

19. Dei som forfylgde oss, ¬var snarareenn ørnar i flòg ¬under himmelen.Over fjella jaga dei oss,i øydemarka lurte dei på oss.

Les hele kapitlet Klagesongane 4