Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Klagesongane 4:1-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Å, kor gullet ¬har mist sin glans,kor det fine gullet er skjemt!Dei heilage steinane ¬ligg strøyddepå alle gatehjørne.

2. Å, Sions gjæve søner,verde si vekt i reint gull,no vørdest dei berre ¬som leirkar,eit verk av krusmakarhand.

3. Jamvel sjakalar held juret fram,så ungane får suga.Men kvinnene i mitt folk ¬er hjartelause;dei liknar strutsen ¬på aude sletter.

4. Spedborna er så tyrsteat tunga heng fast ved ganen.Småborna tiggar om brød,men ingen gjev dei ein bit.

5. Dei som før åt fine retter,ligg forkomne på gatene.Dei som før vart borne ¬på skarlak,ligg no på avfallshaugen.

6. Den synd mitt folk har gjort,er verre enn synda i Sodoma,som vart lagt i grus ¬på ein augneblinkutan at nokon lyfte ei hand.

7. Sions hovdingar ¬var reinare enn snøog kvitare enn mjølk.Kroppen deira ¬var raudare enn korallar,dei såg ut som safir.

8. No ser dei svartare ut enn sot,ein kan ikkje kjenna dei att ¬på gata.Dei er berre skinn og bein,huda er turr som knusk.

9. Dei som fall for sverd, ¬var betre farneenn dei som svalt i hel;for dei tærtest bort og døyddefordi jorda ikkje gav grøde.

10. Kvinner som før var milde ¬og kjærlege,koka sine eigne born.Borna vart til føde for deidå mitt folk vart knust.

11. Herren rende ut sin harme,auste ut sin brennande vreide.På Sion kveikte han ein eldsom øydde alt til grunnen.

12. Ingen konge på jord,nei, ingen i heile verdakunne tru at ein motstandar ¬eller fiendeville koma inn ¬gjennom Jerusalems portar.

Les hele kapitlet Klagesongane 4