Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Josva 9:16-27 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

16. Men tre dagar etter at dei hadde gjort pakt med Gibeon-buane, fekk dei vita at dei høyrde heime i grannelaget og budde tett attmed dei.

17. Då tok israelittane ut, og tredje dagen kom dei til byane deira. Det var Gibeon, Kefira, Be’erot og Kirjat-Jearim.

18. Men dei slo ikkje i hel folket der, sidan leiarane hadde gjeve dei ein lovnad og svore ved Herren, Israels Gud. Då murra heile folket mot leiarane.

19. Men alle leiarane tala til folket og sa: «Vi har gjeve dei ein lovnad og svore ved Herren, Israels Gud, og no kan vi ikkje leggja hand på dei.

20. Høyr kva vi vil gjera med dei! Vi vil spara livet deira og ikkje bryta den eiden vi svor dei. For då kallar vi Guds harme ned over oss.

21. Dei skal få leva,» sa leiarane, «men dei skal vera vedhoggarar og vassberarar for heile folket.» Og det vart som leiarane sa.

22. Josva kalla mennene frå Gibeon føre seg og sa til dei: «Kvifor narra de oss og sa at de bur langt borte? De bur då tett attmed oss.

23. No skal de vera forbanna. Ingen av dykk skal sleppa å vera træl. De skal hogga ved og bera vatn til huset åt min Gud.»

24. Då svara dei Josva så: «Trælane dine fekk vita at Herren din Gud hadde lova Moses, tenaren sin, at han ville gje dykk heile landet og rydja ut for dykk alle som bur der. Då vart vi livande redde for dykk. Difor gjorde vi dette.

25. Men no er vi i dine hender. Gjer med oss som du finn for godt.»

26. Då gjorde han med dei som han hadde sagt; han berga dei for israelittane, så dei ikkje vart drepne.

27. Men same dagen sette Josva dei til å hogga ved og bera vatn for folket og til Herrens altar, på den staden Herren ville velja seg ut, og det har dei gjort til denne dag.

Les hele kapitlet Josva 9