Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Josva 8:9-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Så sende Josva dei i veg, og dei gjekk av og la seg i bakhald mellom Betel og Ai, vestanfor Ai. Sjølv var Josva hjå folket den natta.

10. Morgonen etter stod Josva tidleg opp og mønstra hæren. Så fór han og dei eldste i Israel føre hæren opp til Ai.

11. Alle krigarane som var med han, tok i veg og drog fram til dei hadde byen midt for seg. Der slo dei leir nordanfor Ai, så det var ein dal mellom dei og byen.

12. Så tok Josva om lag fem tusen mann og la dei i bakhald mellom Betel og Ai, vestanfor Ai.

13. Og då dei hadde fylka hæren, både den flokken som låg i leir nordanfor byen, og den som låg vestanfor byen, gjekk Josva ned i dalen om natta.

14. Då kongen i Ai såg det, var han snøgg i vendinga. Tidleg om morgonen tok dei ut, både han og mennene i byen, og drog mot israelittane. Kongen og heile hæren hans ville strida mot Israel på samlingsplassen midt for øydemarka. Han visste ikkje at det låg folk og lurte på han vestanfor byen.

15. Josva og heile Israel gjorde som om dei tapte for fienden og rømde mot øydemarka.

16. Då vart alt folket i byen kalla ut for å forfylgja dei. Dei sette etter Josva og kom lenger og lenger bort frå byen.

17. Det var ikkje ein mann att i Ai; alle drog ut etter israelittane. Dei lét byen liggja open og forfylgde Israel.

18. Då sa Herren til Josva: «Rett spydet som du har i handa, ut mot Ai! For no gjev eg byen i dine hender.» Josva rette spydet sitt ut mot byen.

19. Og då dei som låg i bakhald, såg det, sprang dei fram frå gøymsla si, fór inn i byen og tok han. Så skunda dei seg og sette eld på han.

20. Best som mennene frå Ai snudde seg, vart dei var røyken som steig til vers frå byen. Men dei såg seg inga råd til å koma unna, korkje hit eller dit. For den flokken som hadde rømt ut i øydemarka, vende seg no mot forfylgjarane.

21. Då Josva og alle israelittane såg at dei som låg i bakhald, hadde teke byen, og at røyken steig opp, snudde dei om og slo mennene frå Ai.

Les hele kapitlet Josva 8