Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Josva 8:26-35 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

26. Josva tok ikkje til seg handa som han rette ut spydet med, før han hadde bannstøytt alle Ai-buane.

27. Berre feet og det hærfanget som israelittane tok i byen, eigna dei til seg, etter det påbodet Herren hadde gjeve Josva.

28. Josva brende Ai og gjorde han for alle tider til ein grushaug og ein øydestad, som han har vore til denne dag.

29. Kongen i Ai hengde han opp i eit tre, og der vart han hangande til kvelds. Då sola gladde, lét Josva dei ta liket ned frå treet. Dei kasta det framfor byporten og dyngde opp ei stor steinrøys over det; den har lege der til denne dag.

30. Den gongen bygde Josva eit altar for Herren, Israels Gud, på Ebal-fjellet.

31. Han gjorde det så som Moses, Herrens tenar, hadde sagt israelittane føre, og som det står skrive i lovboka åt Moses: eit altar av utilhogne steinar som det ikkje hadde vore brukt jern på. Der bar dei fram brennoffer for Herren og slakta måltidsoffer.

32. Og på steinane rita han inn, medan israelittane såg på, ei avskrift av den lova som Moses hadde skrive.

33. Heile Israel, både dei innfødde og innflyttarane, saman med dei eldste i folket og tilsynsmennene og domarane, stod på begge sider av Herrens paktkiste, midt imot levittprestane som bar kista. Den eine halvparten stod vend mot Garisim-fjellet, den andre mot Ebal-fjellet. Såleis hadde Moses, Herrens tenar, sagt at det skulle vera når velsigninga vart lyst over Israels-folket.

34. Så las Josva opp alt det som stod i lova, både velsigninga og forbanninga, heiltopp så som det står skrive i lovboka.

35. Det fanst ikkje eit ord av alt det som Moses hadde sagt føre, utan at Josva las det opp for heile Israels-lyden og for kvinnene, borna og innflyttarane som fylgde med.

Les hele kapitlet Josva 8