Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Josva 8:19-34 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

19. Og då dei som låg i bakhald, såg det, sprang dei fram frå gøymsla si, fór inn i byen og tok han. Så skunda dei seg og sette eld på han.

20. Best som mennene frå Ai snudde seg, vart dei var røyken som steig til vers frå byen. Men dei såg seg inga råd til å koma unna, korkje hit eller dit. For den flokken som hadde rømt ut i øydemarka, vende seg no mot forfylgjarane.

21. Då Josva og alle israelittane såg at dei som låg i bakhald, hadde teke byen, og at røyken steig opp, snudde dei om og slo mennene frå Ai.

22. Samstundes kom dei som hadde teke byen, ut imot dei, så mennene frå Ai fekk israelittane mot seg på to kantar. Og dei vart nedhogne til siste mann; ingen vart att, og ingen slapp unna,

23. så nær som kongen i Ai. Han tok dei levande til fange, og dei førte han til Josva.

24. Då israelittane hadde drepe alle Ai-buane som hadde sett etter dei ut i øydemarka, og fiendane var falne for sverd alle som ein, då vende israelittane attende til Ai og hogg ned dei som var der.

25. Den dagen fall det i alt tolv tusen, både menn og kvinner, alle som budde i Ai.

26. Josva tok ikkje til seg handa som han rette ut spydet med, før han hadde bannstøytt alle Ai-buane.

27. Berre feet og det hærfanget som israelittane tok i byen, eigna dei til seg, etter det påbodet Herren hadde gjeve Josva.

28. Josva brende Ai og gjorde han for alle tider til ein grushaug og ein øydestad, som han har vore til denne dag.

29. Kongen i Ai hengde han opp i eit tre, og der vart han hangande til kvelds. Då sola gladde, lét Josva dei ta liket ned frå treet. Dei kasta det framfor byporten og dyngde opp ei stor steinrøys over det; den har lege der til denne dag.

30. Den gongen bygde Josva eit altar for Herren, Israels Gud, på Ebal-fjellet.

31. Han gjorde det så som Moses, Herrens tenar, hadde sagt israelittane føre, og som det står skrive i lovboka åt Moses: eit altar av utilhogne steinar som det ikkje hadde vore brukt jern på. Der bar dei fram brennoffer for Herren og slakta måltidsoffer.

32. Og på steinane rita han inn, medan israelittane såg på, ei avskrift av den lova som Moses hadde skrive.

33. Heile Israel, både dei innfødde og innflyttarane, saman med dei eldste i folket og tilsynsmennene og domarane, stod på begge sider av Herrens paktkiste, midt imot levittprestane som bar kista. Den eine halvparten stod vend mot Garisim-fjellet, den andre mot Ebal-fjellet. Såleis hadde Moses, Herrens tenar, sagt at det skulle vera når velsigninga vart lyst over Israels-folket.

34. Så las Josva opp alt det som stod i lova, både velsigninga og forbanninga, heiltopp så som det står skrive i lovboka.

Les hele kapitlet Josva 8