Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Josva 6:10-27 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Men Josva sa til folket: «De må ikkje ropa og ikkje gje lyd frå dykk. Ikkje eit ord må koma frå munnen dykkar før eg seier: Ropa no! Då skal de ropa.»

11. Så lét han dei bera Herrens paktkiste kring byen éin gong. Sidan drog dei inn i leiren og var der om natta.

12. Morgonen etter stod Josva tidleg opp, og prestane tok Herrens kiste mellom seg.

13. Dei sju prestane som bar kvar sitt horn, gjekk framføre kista og bles i horna alt i eitt. Dei væpna mennene gjekk føre dei, og dei som var attarst, fylgde etter Herrens kiste. Og heile tida ljoma horna.

14. Dagen etter gjekk dei òg éin gong kring byen og vende så attende til leiren. Så gjorde dei i seks dagar.

15. Den sjuande dagen stod dei opp med det same det tok til å dagast, og gjekk sju gonger kring byen. Dei bar seg like eins åt som før. Men den dagen gjekk dei sju gonger kring byen.

16. Då prestane bles i horna den sjuande gongen, sa Josva til folket: «Ropa no! For Herren har gjeve dykk byen.

17. Og byen og alt som er i han, skal vera bannlyst og høyra Herren til. Berre skjøkja Rahab og alle som er i huset hennar, skal få leva, fordi ho løynde dei mennene vi sende ut.

18. Akta dykk berre så de ikkje får hug på bannlyst gods og tek av det. For då legg de Israels-leiren under bann og fører han i ulukke.

19. Men alt sølvet og gullet og alle tinga av kopar og jern skal viast til Herren og koma i skattkammeret hans.»

20. Så tok folket til å ropa, og prestane bles i horna. Med det same folket høyrde hornlåten, sette dei i med eit sterkt rop. Då ramla muren ned, og folket gjekk rett inn i byen og tok han.

21. Dei bannstøytte alt som fanst der. Både menn og kvinner, unge og gamle, storfe, småfe og esel hogg dei ned med sverd.

22. Men Josva sa til dei to mennene som hadde speida ut landet: «Gå inn i huset åt skjøkja og før ut både kvinna og alt folket hennar, som de med eid har lova henne.»

23. Så gjekk dei inn, dei unge mennene som hadde vore der og speida, og dei henta Rahab og foreldra og brørne hennar og alle dei andre som høyrde henne til. Alt skyldfolket hennar tok dei med til ein stad utanfor Israels-leiren og lét dei vera der.

24. Så sette dei eld på byen og brende han opp med alt som i han var. Berre sølvet og gullet og det som var av kopar og jern, la dei ned i skattkammeret i Herrens hus.

25. Josva lét skjøkja Rahab få leva, og heile huslyden hennar, alle som høyrde henne til. Sidan har ætta hennar butt mellom israelittane til denne dag, fordi ho løynde dei mennene som Josva hadde sendt ut for å speida i Jeriko.

26. Den gongen lét Josva folket sverja denne eiden: «Forbanna for Herrens åsyn vere den som tek seg til å byggja opp att denne byen. Når han legg grunnvollen, skal det kosta han eldste sonen, og når han set opp portane, skal han missa den yngste.»

27. Såleis var Herren med Josva, og det gjekk gjetord om han over heile landet.

Les hele kapitlet Josva 6