Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Josva 4:7-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. skal de svara: Vatnet i Jordan kløyvde seg framfor Herrens paktkiste. Då ho kom ut i elva, kløyvde det seg. Og desse steinane skal vera eit evig minne om det for israelittane.»

8. Israelittane gjorde som Josva sa. Midt uti Jordan tok dei tolv steinar, etter talet på Israels-ættene, så som Herren hadde sagt til Josva, bar dei med seg til den staden dei skulle vera om natta, og la dei ned der.

9. Og midt i Jordan, der dei prestane som bar paktkista, stod, reiste Josva tolv andre steinar. Dei har stått der til denne dag.

10. Prestane som bar paktkista, vart ståande midt i Jordan til det var gjort, alt det som Herren hadde sagt til Josva at han skulle tala til folket om, i samsvar med alle dei føresegner som Moses hadde gjeve Josva. Så skunda folket seg over.

11. Og då alle var komne vel fram, gjekk prestane føre folket med Herrens paktkiste.

12. Rubens-sønene og Gads-sønene og halve Manasse-ætta fór fullt budde føre dei andre israelittane, som Moses hadde sagt dei.

13. Om lag førti tusen velvæpna menn drog fram for Herrens åsyn til strid på Jeriko-moane.

14. Den dagen laga Herren det så at israelittane fekk stor vørdnad for Josva. Så lenge han levde, hadde dei like stor age for han som dei hadde hatt for Moses.

Les hele kapitlet Josva 4