Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Josva 4:16-24 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

16. «Sei til prestane som ber lovkista, at dei skal stiga opp or Jordan.»

17. Og Josva sa til prestane: «Stig opp or Jordan!»

18. Med det same prestane som bar Herrens paktkiste, steig opp or elva og sette foten på turt land, vende vatnet attende til det gamle lægjet sitt og gjekk over breddene alle stader, som det før hadde gjort.

19. Det var den tiande dagen i den fyrste månaden at folket steig opp or Jordan. Dei slo leir attmed Gilgal, lengst aust i Jeriko-bygda.

20. Og der i Gilgal reiste Josva dei tolv steinane som dei hadde teke med seg frå Jordan.

21. Og han sa til israelittane: «Når borna dykkar sidan spør fedrane sine: Kva tyder desse steinane?

22. då skal de fortelja dei det og seia: Israelittane gjekk turrskodde over Jordan her,

23. fordi Herren dykkar Gud turka ut elva for dei medan dei gjekk over, liksom han turka ut Sevsjøen for oss då vi fór over den.

24. Det gjorde han for at alle folk på jorda skal skjøna at Herrens hand er sterk, og for at de alle dagar skal ottast Herren dykkar Gud.»

Les hele kapitlet Josva 4