Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Josva 24:24-33 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

24. Folket svara: «Herren vår Gud vil vi tena, og hans ord vil vi lyda.»

25. Den dagen gjorde Josva ei pakt for folket i Sikem og sette lov og rett for dei.

26. Han skreiv opp desse orda i Guds lovbok. Så tok han ein stor stein og reiste han der under eika som står attmed Herrens heilagdom.

27. Og Josva sa til heile folket: «Sjå, denne steinen skal vera eit vitne mot oss; for han har høyrt kvart ord som Herren tala til oss. Han skal vitna mot dykk, så de ikkje gløymer dykkar Gud.»

28. Så lét Josva folket fara, kvar til sin eigedom.

29. Ei tid etter at dette hadde hendt, døydde Josva Nunsson, Herrens tenar, hundre og ti år gamal.

30. Dei gravla han på hans eigen heimstad, i Timnat-Serah, som ligg i Efraims-fjella, nordanfor Ga’asj-fjellet.

31. Israelittane tente Herren så lenge Josva levde, og så lenge dei endå var i live, dei gamle som levde lenger enn Josva, og som kjende til alle dei storverk Herren hadde gjort mot Israel.

32. Beina åt Josef, som israelittane hadde ført med seg frå Egypt, gravla dei attmed Sikem, på det jordstykket som Jakob hadde kjøpt for hundre kesittar av sønene til Hamor, far til Sikem, og som Josefs-sønene hadde fått til odel og eige.

33. Då Elasar, son til Aron, døydde, gravla dei han i Gibea, den byen som Pinhas, son hans, hadde fått i Efraims-fjella.

Les hele kapitlet Josva 24