Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Josva 22:4-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Og no har Herren dykkar Gud late brørne dykkar få ro, som han lova dei. Far no heim att til telta dykkar, til det landet som Moses, Herrens tenar, gav dykk til odel og eige på hi sida av Jordan.

5. Men legg vinn på å leva etter det bodet og den lova som Moses, Herrens tenar, gav dykk, at de skal elska Herren dykkar Gud og alltid gå på hans vegar, så de lever etter hans bod, held dykk til han og tener han av heile dykkar hjarta og heile dykkar hug.»

6. Så velsigna Josva dei og bad farvel med dei, og dei fór heim att til telta sine.

7. Moses hadde gjeve den eine halvparten av Manasse-ætta land i Basan. Og Josva hadde gjeve den andre halvparten land vestanfor Jordan saman med brørne deira. Som no Josva skildest med dei og velsigna dei,

8. sa han til dei: «No fer de heim att med store rikdomar, med mykje fe, med sølv og gull, kopar og jern og ei mengd med klede. Del no med landsmennene dykkar det hærfanget de har teke frå fienden!»

9. Så tok dei på heimveg, Rubens-sønene og Gads-sønene og halve Manasse-ætta. Dei skildest med dei andre israelittane i Sjilo i Kanaan og fór til sitt eige land, til Gilead, der dei hadde slege seg ned, så som Herren hadde lova gjennom Moses.

10. Då Rubens-sønene, Gads-sønene og halve Manasse-ætta kom til landet ved Jordan, i Kanaan, bygde dei eit altar der attmed Jordan, eit altar så stort at ein kunne sjå det langan lei.

11. Dei andre israelittane fekk høyra at desse ættene hadde bygt eit altar i landet ved Jordan, nær grensa mot Kanaan, på hi sida av det området som høyrde israelittane til.

12. Då dei høyrde det, samla heile folket seg i Sjilo og ville gå til krig mot dei.

13. Men fyrst sende israelittane Pinhas, son til presten Elasar, til Gilead, til Rubens-sønene, Gads-sønene og halve Manasse-ætta.

14. Og saman med han sende dei ti hovdingar, ein for kvar ætt i Israel. Kvar av dei var leiar for si ætt mellom Israels mange tusen.

15. Dei kom til Rubens-sønene, Gads-sønene og halve Manasse-ætta i Gilead og sa til dei:

16. Så seier heile Herrens lyd: Kva er dette for truløyse de har vist mot Israels Gud, med di de no har vendt dykk bort frå Herren og bygt dykk eit altar? Kvifor har de sett dykk opp mot Herren?

17. Var det ikkje nok med det brotet vi gjorde oss skuldige i ved Bet-Peor? Det har vi enno ikkje reinsa oss for, og det har ført ulukke over Herrens lyd.

Les hele kapitlet Josva 22