Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Josva 22:14-34 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. Og saman med han sende dei ti hovdingar, ein for kvar ætt i Israel. Kvar av dei var leiar for si ætt mellom Israels mange tusen.

15. Dei kom til Rubens-sønene, Gads-sønene og halve Manasse-ætta i Gilead og sa til dei:

16. Så seier heile Herrens lyd: Kva er dette for truløyse de har vist mot Israels Gud, med di de no har vendt dykk bort frå Herren og bygt dykk eit altar? Kvifor har de sett dykk opp mot Herren?

17. Var det ikkje nok med det brotet vi gjorde oss skuldige i ved Bet-Peor? Det har vi enno ikkje reinsa oss for, og det har ført ulukke over Herrens lyd.

18. Og så vil de atter venda dykk bort frå Herren! Men set de dykk opp mot Herren i dag, kjem han i morgon til å la heile Israels-folket få kjenna sin harme.

19. Synest de at det er ureint, det landet de har fått til eigedom, så kom berre over til Herrens eige land, der Herrens bustad står, og få dykk eigedom mellom oss! Men set dykk ikkje opp mot Herren og mot oss, med di de byggjer dykk eit altar attåt altaret åt Herren vår Gud.

20. Kom ikkje Herrens harme over heile Israels-folket den gongen Akan Serahson fór med svik og tok av det som var bannlyst? Og han var ikkje den einaste som laut døy for det brotet han hadde gjort.

21. Då tok Rubens-sønene, Gads-sønene og halve Manasse-ætta til ords og sa til Israels ættehovdingar:

22. Herren, den mektige Gud, ja, Herren, den mektige Gud, han veit det, og Israel skal vita det: Det var ikkje i trass og truløyse mot Herren

23. vi bygde oss eit altar, og ikkje fordi vi ville venda oss bort frå Herren. Var det det, så gjev du ikkje må hjelpa oss i dag! Heller ikkje bygde vi det for å ofra brennoffer eller grødeoffer eller for å bera fram måltidsoffer på det. Var det så, då gjev at Herren må straffa oss for det!

24. Men det var ein ting vi var redde då vi gjorde dette: Vi tenkte at borna dykkar ein gong kunne koma til å seia til våre born: «Kva har de med Herren, Israels Gud, å gjera?

25. Har ikkje Herren sett Jordan til grense mellom oss og dykk, de Rubens- og Gads-søner! De har ingen del i Herren.» Såleis kunne borna dykkar få våre born til å halda opp med å ottast Herren.

26. Difor sa vi: Lat oss gå i gang og byggja eit altar! Vi vil ikkje bera fram brennoffer og slaktoffer der.

27. Men det skal vera eit vitne for oss og dykk og for dei ættene som kjem etter oss, om at vi vil tena Herren med brennoffera, slaktoffera og måltidsoffera våre. Så skal ikkje borna dykkar ein gong seia til våre born at dei ikkje har del i Herren.

28. Vi tenkte at dersom dei nokon gong skulle seia så til oss eller etterkomarane våre, då vil vi svara: «Sjå på den etterlikninga av Herrens altar som fedrane våre har laga, ikkje til å ofra brennoffer og slaktoffer på, men til eit vitne for oss og for dykk.»

29. Aldri kunne det falla oss inn at vi skulle setja oss opp mot Herren og venda oss bort frå han og byggja eit altar til brennoffer, grødeoffer og slaktoffer, attåt det altaret åt Herren vår Gud som står framfor bustaden hans.

30. Då presten Pinhas og leiarane i folket og ættehovdingane i Israel som var med han, høyrde kva Rubens-sønene, Gads-sønene og Manasse-sønene sa, syntest dei godt om det.

31. Og presten Pinhas, son til Elasar, sa til Rubens-sønene, Gads-sønene og Manasse-sønene: «No skjønar vi at Herren er midt imellom oss, sidan de ikkje har sett dykk opp mot han med dette. Dermed har de berga israelittane frå Herrens hand.»

32. Så skildest presten Pinhas, son til Elasar, og dei andre leiarane med Rubens-sønene og Gads-sønene. Dei fór heim att frå Gilead til Kanaan og fortalde israelittane kva dei hadde høyrt.

33. Og israelittane syntest godt om svaret. Dei lova Gud og tenkte ikkje meir på å gå til strid mot Rubens-sønene og Gads-sønene og øydeleggja det landet dei budde i.

34. Rubens-sønene og Gads-sønene kalla altaret «Vitne»; dei sa: «Det skal vera eit vitne for oss om at Herren er Gud.»

Les hele kapitlet Josva 22