Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Josva 20:6-9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Han skal få bu der i byen til han har stått til rettes for folket og fått sin dom, eller til han som var øvsteprest på den tid, er død. Då kan drapsmannen fara heim att til sin eigen by og sitt eige hus som han laut røma ifrå.

7. Då skilde dei ut desse byane: Kedesj i Galilea i Naftali-fjella, Sikem i Efraims-fjella og Kirjat-Arba, som no heiter Hebron, i Juda-fjella.

8. Og austanfor Jordan, som renn frammed Jeriko, valde dei ut desse: i Rubens-ætta Beser i øydemarka på høgsletta, i Gads-ætta Ramot i Gilead og i Manasse-ætta Golan i Basan.

9. Desse byane skulle vera fristader for alle israelittane og for innflyttarane som heldt til mellom dei. Kvar den som av vanvare kom til å slå i hel ein landsmann, kunne røma dit. Han skulle ikkje døy for hemnarhand før han hadde stått til rettes for folket.

Les hele kapitlet Josva 20