Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Josva 20:1-5 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Herren tala til Josva og sa:

2. Sei til israelittane at dei skal gje frå seg dei fristadene som eg tala til dei om gjennom Moses.

3. Dit skal ein drapsmann kunna røma når han av vanvare og uviljande har slege einkvan i hel. Desse byane skal vera ei livd for han når han rømer for blodhemnaren.

4. Drapsmannen kan røma til ein av dei. Så skal han stiga fram i byporten og tala si sak for dei eldste i byen. Og dei skal ta vel imot han og gje han ein bustad hjå seg.

5. Når så blodhemnaren kjem etter, skal dei ikkje la han få tak i drapsmannen. For det er uviljande han har slege ein landsmann i hel; han bar ikkje hat til han frå før.

Les hele kapitlet Josva 20