Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Josva 2:2-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

2. Kongen i Jeriko fekk melding om at det var komne nokre israelittar der om natta og ville speida ut landet.

3. Då sende han bod til Rahab og sa: «Kom fram med dei mennene som er komne til deg og har teke inn i huset ditt! Dei vil speida ut heile landet; det er dei komne for.»

4. Men kvinna hadde teke og gøymt dei to mennene, og no sa ho: «Ja, det kom nokre menn til meg, men eg visste ikkje kvar dei var ifrå.

5. I skumringa, då byporten skulle stengjast, tok dei ut att, og eg veit ikkje kvar dei fór av. Skunda dykk og set etter dei, så når de dei nok att.»

6. Sanninga var at ho hadde fylgt dei opp på taket og gøymt dei under noko linhalm som ho hadde breitt utover der.

7. Så tok kongsmennene ut og sette etter dei på vegen til Jordan, ned til vadestadene. Og med det same dei var farne, vart porten stengd.

8. Før speidarane hadde lagt seg til å sova, kom Rahab opp på taket

9. og sa til dei: «Eg veit at Herren har gjeve dykk dette landet. No har det kome over oss ei redsle for dykkar skuld, og alle som bur her i landet, er så redde dykk at dei skjelv.

10. For vi har høyrt korleis Herren turka ut vatnet i Sevsjøen framføre dykk då de fór frå Egypt, og kva de gjorde med dei to amorittkongane på hi sida av Jordan, Sihon og Og, som de bannstøytte.

11. Då vi høyrde det, vart vi reint motlause, og no er det ingen som vågar å møta dykk. For Herren dykkar Gud, han er Gud både oppi himmelen og nedpå jorda.

12. Så sver då ved Herren at de vil gjera vel mot folket mitt, liksom eg har gjort vel mot dykk. Gjev meg eit klårt teikn på

13. at de vil spara foreldra og syskena mine og alt husfolket deira og berga livet vårt.»

14. Då svara mennene: «Med vårt eige liv skal vi svara for livet dykkar, så sant du ikkje lèt nokon få vita kva ærend vi er ute i. Og når Herren gjev oss landet, skal vi vera gode og trufaste mot deg.»

15. Så firte ho dei ned frå vindauga med eit reip. For ho budde attmed bymuren, og huset hennar gjekk i eitt med muren.

Les hele kapitlet Josva 2