Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Josva 14:3-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. Dei andre ættene, to og ei halv, hadde Moses gjeve land austanfor Jordan. Men levittane gav han ikkje noko odelsland saman med dei.

4. Etterkomarane etter Josef var to ætter, Manasse og Efraim. Og levittane fekk ingen del av landet. Men dei fekk nokre byar til å bu i, med beitemarker åt buskapen og feet deira.

5. Israelittane skifte ut landet; dei gjorde som Herren hadde sagt Moses.

6. Då kom Juda-sønene til Josva i Gilgal, og Kaleb Jefunneson av Kenas-ætta sa til han: Du veit kva Herren sa til gudsmannen Moses om deg og meg då vi var i Kadesj-Barnea.

7. Eg var førti år gamal den gongen Moses, Herrens tenar, sende meg frå Kadesj-Barnea for å speida ut landet, og eg kom attende og sa frå etter beste skjøn.

8. Frendane mine som fylgde meg dit opp, tok reint motet frå folket. Men eg heldt meg trufast til Herren min Gud.

9. Den dagen svor Moses: «Det landet du set foten din i, skal sanneleg høyra deg og borna dine til for alltid, fordi du heldt deg så trufast til Herren din Gud.»

10. Og no ser du at Herren har halde lovnaden sin. Han har late meg leva dei førtifem åra som har gått sidan han tala dette til Moses, all den tid Israel ferdast i øydemarka. Og no er eg, som du ser, åttifem år gamal.

11. Framleis er eg like sterk som den dagen Moses sende meg ut. Krafta er den same som då, både i krig og i det daglege yrket.

12. Så lat meg no få denne fjellbygda som Herren tala om den dagen. Du høyrde då sjølv den gongen at det bur anakittar der, og at dei har store, sterke byar. Men Herren vil vel vera med meg, som han har sagt, så eg får drive dei ut.

13. Då velsigna Josva Kaleb, son til Jefunne, og gav han Hebron til odel og eige.

Les hele kapitlet Josva 14