Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Josva 14:1-7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Dette er dei bygdene som israelittane fekk til odel og eige i Kanaan. Det var presten Elasar, Josva Nunsson og hovdingane over Israels-ættene som stod for utskiftinga.

2. Det vart kasta lodd om landet, så som Herren hadde sagt gjennom Moses, og dei ni ættene og den eine halve ætta fekk land på den måten.

3. Dei andre ættene, to og ei halv, hadde Moses gjeve land austanfor Jordan. Men levittane gav han ikkje noko odelsland saman med dei.

4. Etterkomarane etter Josef var to ætter, Manasse og Efraim. Og levittane fekk ingen del av landet. Men dei fekk nokre byar til å bu i, med beitemarker åt buskapen og feet deira.

5. Israelittane skifte ut landet; dei gjorde som Herren hadde sagt Moses.

6. Då kom Juda-sønene til Josva i Gilgal, og Kaleb Jefunneson av Kenas-ætta sa til han: Du veit kva Herren sa til gudsmannen Moses om deg og meg då vi var i Kadesj-Barnea.

7. Eg var førti år gamal den gongen Moses, Herrens tenar, sende meg frå Kadesj-Barnea for å speida ut landet, og eg kom attende og sa frå etter beste skjøn.

Les hele kapitlet Josva 14