Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Josva 11:2-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

2. og til dei andre kongane der nord, både i fjellbygdene og i Jordan-dalen sør for Kinneret, i låglandet og på Dor-høgdene utmed havet.

3. Han sende bod til kanaanearane både i aust og i vest, til amorittane, hetittane og perisittane, til jebusittane i fjellbygdene og hevittane nedunder Hermon, i Mispa-landet.

4. Då tok dei ut med hærane sine, ein flokk så talrik som sanden på havsens strand, med hestar og vogner i stor mengd.

5. Alle desse kongane kom saman og fór til Merom-elva. Der slo dei leir og ville gå til strid mot Israel.

6. Då sa Herren til Josva: «Ver ikkje redd dei! I morgon på denne tid legg eg dei alle drepne framfor israelittane. Du skal skjera av hasane på hestane deira og brenna vognene deira.»

7. Josva og heile hæren hans kom brått over fiendane ved Merom-elva og tok på dei.

8. Og Herren gav dei i Israels hender. Israelittane vann over dei og sette etter dei radt til Stor-Sidon og Misrefot-Majim og til Mispa-dalen i aust. Dei hogg dei ned, så ingen vart att eller slapp unna.

9. Og Josva gjorde med dei som Herren hadde sagt. Han skar av hasane på hestane deira og brende vognene deira.

10. Med så gjort snudde Josva om, tok Hasor og hogg ned kongen der. Hasor var før i tida det fremste av alle desse rika.

11. Han bannstøytte byen og øydde ut kvart liv som fanst der. Det vart ikkje att ei levande sjel. Og Hasor brende han.

12. Sidan tok han alle dei andre kongsbyane, og kongane hogg han ned med sverd. Han bannstøytte dei, så som Moses, Herrens tenar, hadde sagt han føre.

13. Men israelittane sette ikkje eld på nokon av dei andre byane som låg der, kvar på sin haug. Det var berre Hasor Josva brende.

14. Alt hærfanget frå desse byane og alt bufeet tok israelittane sjølve. Men folket hogg dei ned med sverd. Dei rudde dei ut og sparte ikkje eit levande liv.

15. Det Herren hadde bode Moses, tenaren sin, det hadde Moses sagt til Josva, og etter det gjorde Josva. Han gløymde ikkje noko av alt det Herren hadde sagt til Moses.

16. Såleis tok Josva heile dette landet, både fjellbygdene, heile Negev og Gosen-landet, Sjefela og Jordan-dalen, fjell-landet i Israel og låglandet der,

17. frå snaufjellet som stig opp mot Se’ir, til Ba’al-Gad i Libanon-dalen, nedunder Hermon-fjellet. Og alle kongane der tok han til fange og slo dei i hel.

18. I lang tid låg Josva i strid med alle desse kongane.

Les hele kapitlet Josva 11