Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Josva 11:12-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Sidan tok han alle dei andre kongsbyane, og kongane hogg han ned med sverd. Han bannstøytte dei, så som Moses, Herrens tenar, hadde sagt han føre.

13. Men israelittane sette ikkje eld på nokon av dei andre byane som låg der, kvar på sin haug. Det var berre Hasor Josva brende.

14. Alt hærfanget frå desse byane og alt bufeet tok israelittane sjølve. Men folket hogg dei ned med sverd. Dei rudde dei ut og sparte ikkje eit levande liv.

15. Det Herren hadde bode Moses, tenaren sin, det hadde Moses sagt til Josva, og etter det gjorde Josva. Han gløymde ikkje noko av alt det Herren hadde sagt til Moses.

16. Såleis tok Josva heile dette landet, både fjellbygdene, heile Negev og Gosen-landet, Sjefela og Jordan-dalen, fjell-landet i Israel og låglandet der,

17. frå snaufjellet som stig opp mot Se’ir, til Ba’al-Gad i Libanon-dalen, nedunder Hermon-fjellet. Og alle kongane der tok han til fange og slo dei i hel.

18. I lang tid låg Josva i strid med alle desse kongane.

19. Det fanst ingen by som gjorde fred med israelittane, utan hevittane som budde i Gibeon; alle dei andre tok dei med makt.

20. For Herren laga det så at dei gjorde seg harde i hugen og møtte israelittane i strid. Han ville at dei skulle bannstøytast og ingen nåde få, men rydjast ut, så som han hadde sagt til Moses.

21. På den tid drog Josva opp i fjellbygdene og rudde ut anakittane i Hebron, Debir, Anab og alle dei andre fjellbygdene i Juda og Israel. Han bannstøytte både dei og byane deira.

22. Det vart ikkje mange anakittar att i Israels-landet. Berre dei som budde i Gasa, Gat og Asjdod, fekk leva.

23. Så tok Josva heile landet, så som Herren hadde sagt til Moses. Og han lét israelittane få det til odel og eige; kvar ætt fekk sin del.Og landet fekk ro etter ufreden.

Les hele kapitlet Josva 11