Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jona 4:1-8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Men det lika Jona ille, og han vart brennande harm.

2. Han bad til Herren: «Å Herre! Var det ikkje det eg tenkte då eg endå var i mitt heimland? Difor prøvde eg fyrst å røma til Tarsis. For eg visste at du er ein nådig og mild Gud, langmodig og rik på miskunn, og at du kan endra din plan, så du ikkje lèt ulukka koma.

3. Men no, Herre, ta livet mitt! For eg vil heller døy enn leva.»

4. Men Herren svara: «Har du grunn til å vera harm?»

5. Jona hadde gått ut or byen og slege seg ned austanfor han. Der hadde han laga seg ei lauvhytte og sett seg i skuggen av hytta. Han ville sjå korleis det gjekk med byen.

6. Då lét Herren Gud ein ricinus-busk veksa opp over Jona og kasta skugge over hovudet hans, så han kunne verta kvitt mismodet sitt. Jona hadde stor glede av ricinus-busken.

7. Men morgonen etter, då det ljosna av dag, sende Gud ein orm, og han stakk ricinus-busken så han visna.

8. Då sola rann, sende Gud ein brennande austavind, og sola stakk Jona i hovudet så han vart heilt utmødd. Han ynskte at han måtte få døy, og sa: «Eg vil heller døy enn leva.»

Les hele kapitlet Jona 4