Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Joel 1:14-20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. Lys ut ei faste,og kunngjer høgtidssamling!Kall saman dei eldste,ja, alle som bur i landet,til Herren dykkar Guds hus,og rop så til Herren:

15. Ve oss, for ein dag!Ja, nær er Herrens dag!Han kjem med øyding ¬frå Den Allmektige.

16. Vart ikkje maten borte ¬for augo våre,glede og jubel ¬frå vår Guds hus?

17. Såkornet ligg innturka i jorda.Bingane er øydelagde, ¬låvane rivne,for kornet er borte.

18. Kor buskapen rautar!Bølingen flakkar ikring,for dei har ikkje beite.Jamvel saueflokkane må lida.

19. Herre, eg ropar til deg.For heten har gjort endepå beita i øydemarka.Solbrann har svidt av ¬kvart tre på marka.

20. Jamvel villdyra styn ¬opp mot deg,for bekkefara er turre,og heten har gjort endepå beita i øydemarka.

Les hele kapitlet Joel 1