Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 9:20-31 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

20. Om eg har rett, ¬må eg rekna meg for skuldig,og er eg skuldlaus, ¬dømer han meg.

21. Skuldlaus er eg, ¬men likesæl om livet,eg bryr meg ikkje om å leva.

22. Det kan vera det same! ¬Difor seier eg:Skuldlaus eller skuldig ¬– han tyner begge.

23. Kjem det ein flaum ¬som brått valdar død,så spottar hannår ein skuldlaus misser motet.

24. Jorda er gjeven ¬i nidingars hand,Gud stengjer synet ¬for dei som styrer.Er det ikkje han som gjer det, ¬kven då?

25. Mine dagar går snøggare ¬enn nokon kan springa,dei flyr av stad ¬og ser ikkje lukke.

26. Dei fer sin veg som sevbåtar,som ei ørn når ho slår ned ¬på si fengd.

27. Seier eg: ¬«No vil eg gløyma mi sorg,eg vil skifta mine og vera glad,»

28. då gruar eg for alle mine plager,eg veit at du ikkje ¬dømer meg fri.

29. Må eg stå der skuldig,kvifor strevar eg då til fåfengs?

30. Om eg vaska meg i snøvatnog gjorde hendene reine i lut,

31. straks ville du dukka meg ¬i ei grøft,så kleda mine stygdest ved meg.

Les hele kapitlet Job 9