Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 9:1-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Då tok Job til ords og sa:

2. Ja, eg veit at det er som de seier:Korleis kan eit menneske ¬ha rett mot Gud?

3. Vil det føra sak mot han,kan det ikkje svara eitt ord ¬til tusen.

4. Djup er hans visdom ¬og stor hans styrke.Kven kan trassa han ¬og sleppa vel ifrå det?

5. Han flytter fjell ¬før nokon veit av det,han velter dei i sin vreide.

6. Han rister jorda ut av lage,så søylene hennar skjelv.

7. Han byd sola at ho ikkje ¬skal skina,og set segl for stjernene.

8. Åleine spente han himmelen utog skrid fram ¬over havsens bylgjer.

9. Han skapte Løva og Orion,Sjustjerna og stjernebileta ¬på sørhimmelen.

10. Ja, han gjer storverk ¬som ingen kan granska,og under som ingen kan telja.

11. Når han går framom meg, ¬ser eg han ikkje;når han fer framom, ¬merkar eg det ikkje.

12. Kven kan hindra han ¬når han grip si fengd?Kven kan seia til han: ¬«Kva er det du gjer?»

13. Gud held ikkje att sin vreide,jamvel Rahabs hjelparar ¬laut bøya seg for han.

Les hele kapitlet Job 9