Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 40:16-28 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

16. Han kviler under lotusplanter,i livd av sev og sump.

17. Lotusen gjev tak og skugge,og piletrea attmed elvastår som eit vern om han.

18. Han rømer ikkje ¬om straumen er strid;om Jordan fossar mot hans gap, ¬er han trygg.

19. Kven torer gripa han i augoog dra ei snor ¬gjennom nasen hans?

20. Kan du dra krokodillen opp ¬med krokog halda tunga hans nede ¬med snøre?

21. Kan du få sett ¬eit sevreip i nasen hansog stikka ein krok ¬gjennom kjaken?

22. Vil han då be deg audmjukt ¬om nådeeller tala blidt til deg?

23. Trur du han gjer ein avtale ¬med deg,så du kan ta han til træl ¬for alltid?

24. Kan du leika med han ¬som med ein fuglog fanga han ¬til småjentene dine?

25. Kan eit lag av fiskarar selja hanog stykkja han ut ¬mellom kjøpmenn?

26. Kan du spekka hans hud ¬med spyd,hans hovud med harpunar?

27. Prøv berre å leggja hand på han!Det vart ein strid ¬som du kom til å minnast;den tok du ikkje ein gong til!

28. Det du vona, slo ikkje til,du låg der berre du såg han!

Les hele kapitlet Job 40