Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 40:10-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Sjå elvehesten!Eg har skapt både han og deg.Han et gras som ein okse.

11. Sjå for ei kraft han har i hofteneog for ein styrke i bukmusklane!

12. Han strekkjer ut halen, ¬stiv som ein seder,og lårsenene er fletta fast.

13. Knokar har han ¬som koparrøyrerog ei beingrind som jernstenger.

14. Han er det fremste ¬av Guds verk,skaparen gav han ¬så kvast eit sverd.

15. Fjella gjev han sine gåver,alle slag villdyr som leikar der.

16. Han kviler under lotusplanter,i livd av sev og sump.

17. Lotusen gjev tak og skugge,og piletrea attmed elvastår som eit vern om han.

18. Han rømer ikkje ¬om straumen er strid;om Jordan fossar mot hans gap, ¬er han trygg.

19. Kven torer gripa han i augoog dra ei snor ¬gjennom nasen hans?

20. Kan du dra krokodillen opp ¬med krokog halda tunga hans nede ¬med snøre?

21. Kan du få sett ¬eit sevreip i nasen hansog stikka ein krok ¬gjennom kjaken?

22. Vil han då be deg audmjukt ¬om nådeeller tala blidt til deg?

23. Trur du han gjer ein avtale ¬med deg,så du kan ta han til træl ¬for alltid?

Les hele kapitlet Job 40